Strategi for småflyverksemda i Noreg

Regjeringen v/ Samferdselsdepartementet la 31. august 2017 fram sitt dokument

Strategi for småflyverksemda i Noreg

 I pressemeldingen heter det blant annet:

– Vi ønskjer å leggje betre til rette for god tilgang på landingsplassar for småfly. Det er spesielt utfordringar knytte til Austlandsområdet, og vi vil difor gjennomføre ei utgreiing om korleis staten best mogleg kan leggje til rette for ei permanent løysing for småflyaktiviteten på Austlandet, seier Solvik-Olsen.

Vi har bladd litt i dokumetet, og sakset litt av det som omfatter forholdene på Østlandet, og da spesielt Kjeller:

I dei siste åra har Rygge, saman med Kjeller flyplass, vore to av dei viktigaste flyplassane i landet for småfly, sett i lys av det samla talet på allmennflyrørsler og ut frå at plassane er base for nærmare 150 småfly totalt. Forsvaret eig i dag Kjeller flyplass, men det er allmennflyføretaket Kjeller Aero Senter AS som har konsesjonen.Sidan Fornebu vart lagd ned, har Kjeller fungert som ein hovudflyplass for småflyaktivitet på Austlandet.

  • Utfordringar

Trass i at Noreg har fleire landingsplassar per innbyggjar enn mange andre land, opplever mange flyklubbar og allmennflygarar den avgrensa tilgangen på landingsplassar for norsk allmennflyverksemd som utfordrande. Årsaka er mellom anna uvisse om framtida for Kjeller og Rygge, som er viktige for småflyaktiviteten i det sentrale Austlandsområdet.

.

Ved behandlinga av langtidsplanen for Forsvaret19 vedtok Stortinget hausten 2016 ei gradvis frigjering av areal på Kjeller og ei avvikling av flyplassen innan utgangen av 2023. Skedsmo kommune har finansiert ein studie som ser på om det er mogleg å nytte delar av flyplassen til kulturhistoriske formidlingsføremål.I tillegg greier Riksantikvaren ut kva vernetiltak som kan vere aktuelle for å sikre den militær‑og kulturhistoriske arven på Kjeller. Både utfallet av den kommunale behandlinga og utfallet av Riksantikvaren si utgreiing er ope.

Ved behandling av representantforslag om Kjeller flyplass (Dokument 8:120 S (2016-2017)) viste Stortinget våren 2017 (Innst. 405 S (2016-2017)) mellom anna til at Kjeller i dag står for ein tredel av den totale småflyverksemda i Noreg, og at rullebana på Kjeller vil vere tilgjengeleg for småflymiljøet fram til utgangen av 2023.Stortinget oppmoda regjeringa om å leggje fram ei sak om ei permanent løysing for småflytrafikken i Oslo-området.

Den framtidige situasjonen for landingsplassar i Austlandsområdet vert av småflymiljøet opplevd som utfordrande. Eit alternativ som småflymiljøet sjølv vurderer som mest aktuelt, er å etablere ein ny småflyplass i Sørum kommune i Akershus. NLF har gjennomført eit skisseprosjekt og starta eit forprosjekt som greier ut dette alternativet.

.

  • Strategi

Regjeringa vil leggje til rette for god tilgang til landingsplassar for småflyaktivitet. Særleg vil det vere viktig med tilgang til flyplassar for småflyaktivitet i Austlandsområdet, som følgje av nedlegginga av Rygge Sivile lufthavn i 2016 og den planlagde avviklinga av Kjeller flyplass. Regjeringa vil òg leggje til rette for vidare sjøflyverksemd i Noreg.

  • Regjeringa vil leggje til rette for at det også i tida framover skal vere småflyaktivitet på Rygge flyplass. Forsvarsdepartementet har våren 2017 bede Forsvaret om å medverke til dette.
  • Regjeringa vil gjennomføre ei utgreiing om korleis staten best mogleg kan leggje til rette for ei permanent løysing for småflyaktiviteten i Austlands-området, og vil kome tilbake til Stortinget på ein høveleg måte. (Uthevet av redaksjonen). Utgreiinga skal òg omfatte eit null-alternativ.

Pressemeldingen og nedlastingslink for dokumentet, som er på 48 sider, finner du her.